onsdag 13. juni 2012

Info om fredagens arrangement!

Hei folkens!

Det er nermar seg nå sumarens store happening. Nei, eg meiner ikkje finalen i Europamesterskapet i fotball, men det mykje omtala bryllupet!
Før laurdagens bryllup vil me invitere alle til ein sosial samankomst på fredagen. Dette vil foregå på kunstmuseumet ved Mosvatnet frå klokka 19.00.
Her vil det bli servera litt mat og drykk, samt litt diverse mingle-aktiviteter. Dette gjer me for å dempe den sosiale angsten og den trykkande sosiale stemninga på laurdagens store dag...

Her er retningsdirektiv til kunstmuseumet: http://www.gulesider.no/firma/stavanger-kunstmuseum:p10012082667?search_word=kunstmuseum+stavanger

Det er ikkje krav til stivpynting, sjølv om dykk er i ein av Norges største byar, denne kvelden. Kle dykk i heilt normale fredags-klær - det skulle halde i massevis!

Me håpar så mange som mogleg har mogleheita til å ta turen nedom Mosvatnet denne kvelden for å helse på oss og andre gjester for å fortelje skrøner og more seg i nokre timar.


PS: Lokalet ligg i gåavstand frå Rica Forum Hotell for dei som likar å praktisere fysisk aktivitet!



Me gledar oss til helga nå og til å sjå alle gjestene!

lørdag 9. juni 2012

Representing the Toastmaster!

Kveldens toastmaster; Sjur Ole Svarstad er nøye handplukka blant europas sterkaste kandidatar til jobben. Det han til sjuande og sist vann denne konkurransen på - var at han kjenner brudgommen.
Sjur Ole sine arbeidsoppgåver er mange. Han skal holde papparazzi-fotografane på ei armlengds avstand, kaste ut ubudne gjester, halde orden i garderoben og så vidare.
I tillegg til desse særs omfattande oppgåvene skal han også ha ansvar for at kvelden flyt etter eit nøye tidsfesta skjema, halde kontroll på talar og ikkje minst spre om seg med sin Sogne-sjarm.

Dersom du har ei tale, ein song, eit poem, ein dans, ein epistel du vil dele med dine medgjester denne kvelden - tar du kontakt med Sjur Ole Svarstad på telefon: 91 37 27 83, eller elektronisk post sjurole@hotmail.com

Om du ikkje har noko du vil ta kontakt med Sjur Ole om - er det ingen som klagar deg inn for noko bryllupsutvalg av den grunn.


             Dette er eit alvorleg representativt bilete av Sjur Ole. Sjå kor fint han har stilt seg opp!

tirsdag 17. april 2012

Skalldyrallergi??

Utarbeiding av menyen for bryllupet er i full gong og kokkar frå fjern og nær er tilknytta dette prestisjeprosjektet.
I den anledning vil me kartleggje om det er nokon av gjestene som får pussige utslett, rennande nase eller kløe av å ete i seg skaldyr (reker, kreps og andre dyr som er hardhuda).

Om det er slik at ein har denne allergiformen - ta kontakt med Frank (92 23 28 28, eller frank.heggebo@yahoo.no)

Enjoy the rest of the day!


                       Dette er eit illustrasjonsfoto av korleis skaldyr kan sjå ut i tilbereda tilstand.
                       Om du framleis er usikker - google it!

Helsing,

Frank og Agnethe

tirsdag 3. april 2012

Wishlist!

Hei folkens!

Eg veit det er mange som gledar seg til den store begivenheten no - slapp av folkens berre me får unnagjort våren, så er me der!

Ønskelister er noko som ein hentar opp igjen frå barndommens glømsel ved bryllupsfestar - det har også me gjort!

Me har etter lange diskusjonar, tunge vurderingar og trøytande drakampar kome fram til følgande lister på desse butikkane: Tilbords og Brødrene Pedersen
I tillegg til desse storgrossistane innan krimskrams ønsker me oss også ein stk drill og gryter!

Håper dåke finn  noko som føles meiningsfylt å ta med til Stavanger denne helga! :-)

Helsing,



søndag 26. februar 2012

We present to you: The forlovers!

Frå gamalt av skal forlovaren bevitne ovanfor prest, klokkar og fut - at det ikkje er nokon omstendigheter som ligg til hinder for inngåing av ekteskapet. Dette kan vera vanskeleg nok for nokon og ein kvar å gå god for, men oppgåva er vorte sett ut til to personar som både har integritet i kraft av at dei er vyrdeleg gifte og i tillegg særs gode venner av brudeparet.

Me presenterer våre to utvalde:


Agnethe sin forlovar er Olene Skorpe Aarekol. Agnethe var forlovar for Olene i hennar bryllup og no har Olene fått denne jobben i retur! Agnethe og Olene gjekk vidaregåande saman, dei har også spelt på same fotballag og deler ei felles heste og almenn dyreinteresse. Olene bur saman med Åsmund i Ølen og har dratt på seg to ungar av særs god kvalitet!



Johannes Våge er Frank sin forlovar. Som dykk ser av bilete kriga dei to saman under både første og annen verdskrig som korporalar for infanteriet - dette gjekk sånn høveleg bra. Dei har vokse opp saman i Ølen med fotball som felles interesse. Johannes bur på Sola saman med Magnhild som han gifta seg med 10.juli 2010 (merk datoen!). Johannes er i overkant glad i anleggsmaskinar og har ein stor og topp-moderne skipark!

Desse to skal lose oss gjennom giftarmålet og forsikre våre foreldre og ikkje minst presten om at dette er eit nokolunde riktig valg og ikkje basert på korkje tvang, økonomiske eller politiske motiver.

søndag 19. februar 2012

Overnatting 29. juni-1. juli!

Det er forhåndsreservert ein del hotellrom på Stavanger Rica Forum Hotell. Her kan ein fram til 2. april bestille enkelt og dobbeltrom til kr 785,- og 885,- per natt inklusive frukost.

Oppgi referansekode 11303697 ved bestilling. Linken under kan gi litt meir utfyllande info.

http://www.gulesider.no/firma/rica-forum-hotel:p10003447067?

Hotellet er plassert 3,8 km frå Revheim kyrkje og 1,5 km frå festlokalet i Eiganesveien 95.

Dersom det er ynskjeleg og overnatte i campingvogn, bubil, hotelt, eller eit heilt vanleg telt kan ein ta kontakt med Mosvangen camping.

http://www.nafcamp.no/campingplasser/1801-Stavanger-Camping-Mosvangen

Om det er spørsmål er det berre å ta kontakt!

Helsing

Frank & Agnethe


Det er venta ei folkevandring til Stavanger i anledning bryllupet og i den anledning er det lurt å vera tidleg ute med å bestille overnatting....

Velkommen til Bryllup 30. juni!

Hei folkens!

Her kjem sentral informasjon relatert til det store giftarmålet til å bli "posta".
Alle mulige bryllupsrelaterte eventualiteter kjem nok ikkje denne blogen til å kunne gi svar på. Men me skal gjere vårt beste for at du som gjest skal stille best mulig førebudd i høve til alt det praktiske som du måtte sitte heime foran PC-skjermen, I-paden, Galaxy-taben eller Smart-phonen din og undre på.

Happy blogging!


Her ser me både pussige og kalde ut - det er no berre slik me er...


Helsing,


Frank & Agnethe.