onsdag 13. juni 2012

Info om fredagens arrangement!

Hei folkens!

Det er nermar seg nå sumarens store happening. Nei, eg meiner ikkje finalen i Europamesterskapet i fotball, men det mykje omtala bryllupet!
Før laurdagens bryllup vil me invitere alle til ein sosial samankomst på fredagen. Dette vil foregå på kunstmuseumet ved Mosvatnet frå klokka 19.00.
Her vil det bli servera litt mat og drykk, samt litt diverse mingle-aktiviteter. Dette gjer me for å dempe den sosiale angsten og den trykkande sosiale stemninga på laurdagens store dag...

Her er retningsdirektiv til kunstmuseumet: http://www.gulesider.no/firma/stavanger-kunstmuseum:p10012082667?search_word=kunstmuseum+stavanger

Det er ikkje krav til stivpynting, sjølv om dykk er i ein av Norges største byar, denne kvelden. Kle dykk i heilt normale fredags-klær - det skulle halde i massevis!

Me håpar så mange som mogleg har mogleheita til å ta turen nedom Mosvatnet denne kvelden for å helse på oss og andre gjester for å fortelje skrøner og more seg i nokre timar.


PS: Lokalet ligg i gåavstand frå Rica Forum Hotell for dei som likar å praktisere fysisk aktivitet!



Me gledar oss til helga nå og til å sjå alle gjestene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar