Kveldens toastmaster; Sjur Ole Svarstad er nøye handplukka blant europas sterkaste kandidatar til jobben. Det han til sjuande og sist vann denne konkurransen på - var at han kjenner brudgommen.
Sjur Ole sine arbeidsoppgåver er mange. Han skal holde papparazzi-fotografane på ei armlengds avstand, kaste ut ubudne gjester, halde orden i garderoben og så vidare.
I tillegg til desse særs omfattande oppgåvene skal han også ha ansvar for at kvelden flyt etter eit nøye tidsfesta skjema, halde kontroll på talar og ikkje minst spre om seg med sin Sogne-sjarm.
Dersom du har ei tale, ein song, eit poem, ein dans, ein epistel du vil dele med dine medgjester denne kvelden - tar du kontakt med Sjur Ole Svarstad på telefon: 91 37 27 83, eller elektronisk post sjurole@hotmail.com
Om du ikkje har noko du vil ta kontakt med Sjur Ole om - er det ingen som klagar deg inn for noko bryllupsutvalg av den grunn.
Dette er eit alvorleg representativt bilete av Sjur Ole. Sjå kor fint han har stilt seg opp!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar