Frå gamalt av skal forlovaren bevitne ovanfor prest, klokkar og fut - at det ikkje er nokon omstendigheter som ligg til hinder for inngåing av ekteskapet. Dette kan vera vanskeleg nok for nokon og ein kvar å gå god for, men oppgåva er vorte sett ut til to personar som både har integritet i kraft av at dei er vyrdeleg gifte og i tillegg særs gode venner av brudeparet.
Me presenterer våre to utvalde:
Agnethe sin forlovar er Olene Skorpe Aarekol. Agnethe var forlovar for Olene i hennar bryllup og no har Olene fått denne jobben i retur! Agnethe og Olene gjekk vidaregåande saman, dei har også spelt på same fotballag og deler ei felles heste og almenn dyreinteresse. Olene bur saman med Åsmund i Ølen og har dratt på seg to ungar av særs god kvalitet!
Johannes Våge er Frank sin forlovar. Som dykk ser av bilete kriga dei to saman under både første og annen verdskrig som korporalar for infanteriet - dette gjekk sånn høveleg bra. Dei har vokse opp saman i Ølen med fotball som felles interesse. Johannes bur på Sola saman med Magnhild som han gifta seg med 10.juli 2010 (merk datoen!). Johannes er i overkant glad i anleggsmaskinar og har ein stor og topp-moderne skipark!
Desse to skal lose oss gjennom giftarmålet og forsikre våre foreldre og ikkje minst presten om at dette er eit nokolunde riktig valg og ikkje basert på korkje tvang, økonomiske eller politiske motiver.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar