onsdag 13. juni 2012

Info om fredagens arrangement!

Hei folkens!

Det er nermar seg nå sumarens store happening. Nei, eg meiner ikkje finalen i Europamesterskapet i fotball, men det mykje omtala bryllupet!
Før laurdagens bryllup vil me invitere alle til ein sosial samankomst på fredagen. Dette vil foregå på kunstmuseumet ved Mosvatnet frå klokka 19.00.
Her vil det bli servera litt mat og drykk, samt litt diverse mingle-aktiviteter. Dette gjer me for å dempe den sosiale angsten og den trykkande sosiale stemninga på laurdagens store dag...

Her er retningsdirektiv til kunstmuseumet: http://www.gulesider.no/firma/stavanger-kunstmuseum:p10012082667?search_word=kunstmuseum+stavanger

Det er ikkje krav til stivpynting, sjølv om dykk er i ein av Norges største byar, denne kvelden. Kle dykk i heilt normale fredags-klær - det skulle halde i massevis!

Me håpar så mange som mogleg har mogleheita til å ta turen nedom Mosvatnet denne kvelden for å helse på oss og andre gjester for å fortelje skrøner og more seg i nokre timar.


PS: Lokalet ligg i gåavstand frå Rica Forum Hotell for dei som likar å praktisere fysisk aktivitet!



Me gledar oss til helga nå og til å sjå alle gjestene!

lørdag 9. juni 2012

Representing the Toastmaster!

Kveldens toastmaster; Sjur Ole Svarstad er nøye handplukka blant europas sterkaste kandidatar til jobben. Det han til sjuande og sist vann denne konkurransen på - var at han kjenner brudgommen.
Sjur Ole sine arbeidsoppgåver er mange. Han skal holde papparazzi-fotografane på ei armlengds avstand, kaste ut ubudne gjester, halde orden i garderoben og så vidare.
I tillegg til desse særs omfattande oppgåvene skal han også ha ansvar for at kvelden flyt etter eit nøye tidsfesta skjema, halde kontroll på talar og ikkje minst spre om seg med sin Sogne-sjarm.

Dersom du har ei tale, ein song, eit poem, ein dans, ein epistel du vil dele med dine medgjester denne kvelden - tar du kontakt med Sjur Ole Svarstad på telefon: 91 37 27 83, eller elektronisk post sjurole@hotmail.com

Om du ikkje har noko du vil ta kontakt med Sjur Ole om - er det ingen som klagar deg inn for noko bryllupsutvalg av den grunn.


             Dette er eit alvorleg representativt bilete av Sjur Ole. Sjå kor fint han har stilt seg opp!