søndag 26. februar 2012

We present to you: The forlovers!

Frå gamalt av skal forlovaren bevitne ovanfor prest, klokkar og fut - at det ikkje er nokon omstendigheter som ligg til hinder for inngåing av ekteskapet. Dette kan vera vanskeleg nok for nokon og ein kvar å gå god for, men oppgåva er vorte sett ut til to personar som både har integritet i kraft av at dei er vyrdeleg gifte og i tillegg særs gode venner av brudeparet.

Me presenterer våre to utvalde:


Agnethe sin forlovar er Olene Skorpe Aarekol. Agnethe var forlovar for Olene i hennar bryllup og no har Olene fått denne jobben i retur! Agnethe og Olene gjekk vidaregåande saman, dei har også spelt på same fotballag og deler ei felles heste og almenn dyreinteresse. Olene bur saman med Åsmund i Ølen og har dratt på seg to ungar av særs god kvalitet!



Johannes Våge er Frank sin forlovar. Som dykk ser av bilete kriga dei to saman under både første og annen verdskrig som korporalar for infanteriet - dette gjekk sånn høveleg bra. Dei har vokse opp saman i Ølen med fotball som felles interesse. Johannes bur på Sola saman med Magnhild som han gifta seg med 10.juli 2010 (merk datoen!). Johannes er i overkant glad i anleggsmaskinar og har ein stor og topp-moderne skipark!

Desse to skal lose oss gjennom giftarmålet og forsikre våre foreldre og ikkje minst presten om at dette er eit nokolunde riktig valg og ikkje basert på korkje tvang, økonomiske eller politiske motiver.

søndag 19. februar 2012

Overnatting 29. juni-1. juli!

Det er forhåndsreservert ein del hotellrom på Stavanger Rica Forum Hotell. Her kan ein fram til 2. april bestille enkelt og dobbeltrom til kr 785,- og 885,- per natt inklusive frukost.

Oppgi referansekode 11303697 ved bestilling. Linken under kan gi litt meir utfyllande info.

http://www.gulesider.no/firma/rica-forum-hotel:p10003447067?

Hotellet er plassert 3,8 km frå Revheim kyrkje og 1,5 km frå festlokalet i Eiganesveien 95.

Dersom det er ynskjeleg og overnatte i campingvogn, bubil, hotelt, eller eit heilt vanleg telt kan ein ta kontakt med Mosvangen camping.

http://www.nafcamp.no/campingplasser/1801-Stavanger-Camping-Mosvangen

Om det er spørsmål er det berre å ta kontakt!

Helsing

Frank & Agnethe


Det er venta ei folkevandring til Stavanger i anledning bryllupet og i den anledning er det lurt å vera tidleg ute med å bestille overnatting....

Velkommen til Bryllup 30. juni!

Hei folkens!

Her kjem sentral informasjon relatert til det store giftarmålet til å bli "posta".
Alle mulige bryllupsrelaterte eventualiteter kjem nok ikkje denne blogen til å kunne gi svar på. Men me skal gjere vårt beste for at du som gjest skal stille best mulig førebudd i høve til alt det praktiske som du måtte sitte heime foran PC-skjermen, I-paden, Galaxy-taben eller Smart-phonen din og undre på.

Happy blogging!


Her ser me både pussige og kalde ut - det er no berre slik me er...


Helsing,


Frank & Agnethe.